Per no er det ikkje nokon offisiell leiardebatt i Høgre. Men innanfor partiet er diskusjonen om kven som bør overta om Høgre-leiar Erna Solberg vel å trekkje seg, i gong.
Tre personar vert rekna som dei sterkaste kandidatane: nestleiarduoen Henrik Asheim og Tina Bru og tidlegare utanriksminister Ine Eriksen Søreide.
– Per no har eg tillit til Erna, men det er klart at saka ser litt annleis ut no enn for nokre dagar sidan. Ting kan jo forandre seg, seier Høgre-ordførar i Lurøy Håkon Lund.
Peikar på Søreide
Lund er ein av fleire lokale Høgre-toppar som meiner partiet har fleire gode kandidatar viss Erna forsvinn ut på grunn av aksjehandelen til ektemannen Sindre Finnes.
– Tykkjer du at dykk har folk som hadde vore eigna til å ta over dersom Erna trekkjer seg?
– Ja, det tykkjer eg. Høgre er betre stilt enn mange andre parti der. Det har vore jobba godt med å få opp flinke folk, og det er fleire som kunne vore godt eigna til å vorte ny leiar i Høgre.
Lund peikar mellom anna på at tidlegare utanriksminister og leiar av utanrikskomiteen på Stortinget Ine Eriksen Søreide er ein flink person som har meistra fleire leiaroppgåver på ein god måte.
Ber Solberg vere open
Dei siste dagane har Høgre-leiaren hamna under stort press. Avsløringa om at ektemannen har kjøpt og selt over 3600 aksjar og andre investeringsprodukt medan ho var statsminister, sender sjokkbølgjer gjennom partiet.
Erna Solberg insisterer på at ho har vorte ført bak lyset av ektemannen Sindre Finnes. I Klassekampen måndag sa jussprofessor Eivind Smith at Solberg likevel har eit sjølvstendig ansvar og plikt til å skaffe seg relevante opplysningar om investeringane til Finnes.
Tidlegare statsråd for Solberg og noverande fiskeridirektør Frank Bakke-Jensen er samd i at det er mange som står klar til å ta over dersom det skulle bli aktuelt.
– Ja, det er eg ikkje bekymra for, men per no er ikkje det eit tema, seier han.
Bakke-Jensen seier at også han har tillit til Erna Solberg i dag, men at saka stadig utviklar seg.
– Det er gode spørsmål som blir stilt frå media no, så dette må Erna svare på. Eg stoler på at ho snakkar sant, så no er det viktig at ho svarer på spørsmål og er open til media, seier han.
– Trur du at ho stiller som statsminister i 2025?
– Per no trur eg det, ja, men det er lenge til 2025, og ting kan forandre seg. Per no er ikkje det ein diskusjon å byte leiar, men ting kan sjølvsagt skje fort i politikken.
– Er tilliten til Høgre skada av dette?
– Det er sjølvsagt ein fare for det, så difor er det viktig at ein no er open og svarer på alle spørsmål som blir stilt.
Spørsmål om tillit
Med ein oppslutnad på 49,5 prosent var Bø Høgres nest beste kommune i valet. Ordførar Sture Pedersen går no i gang med sin femte periode som ordførar i den vesle kommunen i havgapet.
Han seier han framleis har tillit til Erna Solberg som partileiar.
«Det er gode spørsmål som blir stilt frå media no.»
— Frank Bakke-Jensen, fiskeridirektør og tidlegare Høgrepolitikar
– Eg har full tillit til Erna. Slik eg har kjent henne i alle år, har ho alltid late partiet gå framfor seg sjølv. Viss ho finn ut at noko av det ho har sagt, ikkje stemmer, kjem ho til å ta affære sjølv, seier han.
– Du og mange andre i Høgre har full tillit til henne, men er det ikkje ein fare for at veljarane ikkje har det?
– Eg trur vi skal puste litt. Klarer ho å dokumentere at det ho seier er sant, kan det fort snu. Men partiet må sjølvsagt tenke på det du seier der, seier Pedersen.
– Mange gode folk
Erna Solberg har vore leiar i Høgre sidan mai 2004 og har dermed sete i partileiarvervet i 19 år, åtte av dei som statsminister.
Ine Eriksen Søreide var utanriksminister i regjeringa til Erna Solberg. No leiar ho utanrikskomiteen på Stortinget.
Henrik Asheim er første nestleiar i Høgre, medan Tina Bru er andre nestleiar. Førstnemnde har vore både arbeidsminister, forskingsminister og kunnskapsminister, medan Tina Bru har vore olje- og energiminister.
Også Sture Pedersen er tydeleg på at det er mange flinke folk som står klare dersom Erna Solberg no trekkjer seg som partileiar.
– Jadå, vi har mange gode folk i Høgre. Det skal noko til for å vere like god som Erna, men vi har mange gode. Eg vil ikkje peike på nokon endå, men kjem det ein slik diskusjon, vil eg seie mi meining i partiet og også utad, seier Pedersen til Klassekampen.