Akkurat nå

Fantasi og virkelighet

I midten av august lagde jeg mitt eget lag i Fantasy Premier League. Det er et virtuelt fotballspill der man inntar rolla som manager og setter sammen et lag bestående av ekte fotballspillere. I løpet av sesongen får man poeng etter hvordan spillerne presterer på gressmatta.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Akkurat nå

Yoga-helvete

Eg var meg brått ein yogamatte dekt av eiga sveitte og forbanna yogainstruktøren no i helga. Det var «hot yoga», nærmare bestemt «hot vinyasa yoga» i eit varmt rom. Eg veit ikkje kva temperaturen var der inne, kanskje 30 grader? Eg blei i alle fall veldig sveitt, veldig fort. Eg kan skryte av at eg gjekk fast på hot yoga før, på vidaregåande, saman med ein rar gjeng menneske, om eg kan vere så frekk (men eg inkluderer jo meg sjølv, så det må vel vere greitt), der mennene gjekk med bleieliknande klede (deriblant ein nokså kjend norsk skodespelar, om eg hugsar rett) og instruktørane verkeleg verka som at dei var straight outta (ein hardcore) yoga-leir i India. Dei nytta berre orda på sanskrit om øvingane, var utruleg (!) opptekne av pusten, og det heile var meir som, ja, yoga, ein filosofi og livsstil, enn berre trening. Denne timen der eg prøvde å ikkje la beina skli av matta, var definitivt meir trening. Eller, trening på denne måten er jo òg ein livsstil, ein livsstil av tidsånda, ein treningsstudio-livsstil. Uansett: Her skulle me «gjere» yoga, altså berre komme oss inn i positurane og ut av dei att, helst med pust («finn din pust», gjentok instruktøren, med ei enerverande teatralsk røyst), men han var lydlaus. Lyden me høyrde var Enya-remiksar og noko som høyrdest faretrugande ut som «Pirates of the Caribbean»-soundtracket.

Djevel­te­lefon

Jeg sto utenfor Luckin Coffee i en nedslitt gate i Chengdu og prøvde å få kontakt med en av medarbeiderne der inne. Men imellom meg og en god start på dagen (kaffe) var det en QR-kode jeg ikke fikk til å fungere. Og til min fortvilelse kunne mannen på den andre siden av disken meddele at å bestille på det mellommenneskelige vis var helt uaktuelt. Etter tre uker i Kina hadde skjermtida min økt til det ­dobbelte. Jeg levde på batteritidas ­premisser og, ettersom jeg nektet å gå til anskaffelse av powerbank, på ­konstant leting etter europeiske adaptere på kafeer rundt omkring. Lenge hadde jeg prøvd å befri med fra mitt digitale selv, men nå sto telefonen imellom alt. Kroppsspråk kunne jeg bare glemme: Før jeg rakk å blunke, viftet alle jeg møtte med telefonens oversetterrobot i lufta. Greit nok at toilet ikke er universelt, men jeg hadde likevel et håp om at gestikulering i form av «jeg er tissetrengt» skulle være nok.

Sjå meg, då

Denne veka var eg ein tur til frisøren, sat i ein time, blei klipt og frisert og følte meg fresj og fin då eg gjekk ut i den varme septemberlufta. Lokkane låg strødd utover golvet då eg reiste meg frå frisørstolen og gjekk for å betala for min nye frisyre. Eg syntest sjølv ho hadde klypt ganske mykje, og at eg såg ny og fin ut. Men heime var det ingen som såg den nye klippen, som hadde kosta meg over tusen kroner. Verken mann eller barn eller venner reagerte då eg for første gang på fleire veker følte meg velstelt på håret. No har eg tenkt å sjå kor lenge eg kan gå rundt og vifta med min nye klipp før mine nære ser meg. Skal eg gi dei helga før eg spør om dei har sett ei forandring? Eller kanskje ei veke.