At Russland sa opp kornavtalen, har minna verda på at mat er makt, og den opprørande bombinga av kornhamner at den mest grunnleggande menneskeretten ikkje er ytringsfridom, men retten til mat. Putins gratis smular til seks afrikanske land og påstand om at Russland hadde nok til alle, utan Ukraina, hjelpte han lite.
Kornmarknaden går som oftast under radaren. For å forstå den trengst det harde data – og dei finn vi i den franske landbruksøkonomen Sébastien Abis bok La Géopolitique du Blé (Kveitens geopolitikk, 2023). Forfattaren er leiar for den franske tenketanken Demeter .
Boka handlar altså om «geopolitikk», fordeling av ressursar eit land ikkje kan ha for lite av. Å gå frå underskot til sjølvforsyning betyr då politisk sjølvstende. Å kunne eksportere gjev makt, eit uår å miste ho. Ein kronisk importør må gå stille i dørene, ha beredskapslager til å fø eige folk og gode vener på verdsmarknaden.
Det er lett å bli forvirra av mange tal, og til dømes forveksle stor produksjon med stor eksport. Ris og kveite er jamstore i mengd, men verdsmarknaden er heilt annleis. Medan under 7–8 prosent av all ris blir eksportert, og mest innan Asia, går 25 prosent av kveiten til land over heile verda. Den er dyrka i 120 land, berre 25 kan eksportere og av dei har åtte 80 prosent. Eit historisk perspektiv kan få fram dynamikken i marknadane.
I 1970 produserte verda 300 millionar tonn kveite. Sovjetunionen (inkludert Russland, Ukraina og Kasakhstan) var den største produsenten, med 30 prosent, men eksporterte lite. Tvert om var det fleire uår med stor import. Kina produserte 9 prosent og India 7 prosent, begge måtte importere. USA og Canada produserte 15 prosent, men dominerte som eksportørar, med 30 prosent av verdsmarknaden. «Green Power» spela ei rolle i amerikansk politikk, ikkje minst i Midtausten, som då Egypt slutta fred med Israel i 1979. (Ein geopolitisk bommert i 1972 var USAs eksportstopp på soya, som skremte importland i Asia til å få i gang produksjon i Argentina og Brasil.)
I 2000 var kveiteproduksjonen dobla til 600 millionar tonn. Etter den grøne revolusjonen produserte Kina og India tre til fire gonger meir og var størst, med høvesvis 17 og 13 prosent. At begge landa i normalår vart sjølvforsynte for både kveite og ris, var ei verdshistorisk endring. USA og Canada låg stadig på 15 prosent av verdsproduksjonen, men ein merkbar nedgang i USA sidan 1980, til fordel for soya og mais. I Russland og Ukraina var produksjonen derimot halvert frå 1990.
I dag nærmar produksjonen seg 800 millionar tonn, og igjen er fordelinga mellom landa sterkt endra. Ser vi bort frå EU samla, er Kina og India klart størst som produsentar. India har ein viss eksport, Kina er nær sjølvforsynt, men sjølv nokre få prosent import slår ut på marknaden. Lista av produsentar er så Russland, USA, Australia, Frankrike, Ukraina, Canada og Argentina, med ein viss variasjon frå år til år. Den vesentlege endringa sidan 2000 er veksten i Russland og Ukraina: Russland frå 6 til 10 prosent og Ukraina frå 2 til 4 prosent. USA derimot har minka frå 10 prosent til 6 prosent av verdsproduksjonen, nær ei halvering sidan 1975. Med større areal av vårkveite i Sibir vil Russlands dominans vekse, sjølv frå toppavlinga på kring 95 millionar tonn i 2022 til 110 i 2030. Då kan landet tangere India som nest største produsent.
Blant eksportørane er Russland klart størst, så kjem USA, Canada, Australia, Ukraina, Frankrike, Argentina og Kasakhstan. Dei fleste av desse var store også for 100 år sidan: store jordbruksland med låge folketal. Tyngda av USAs eksport (forutan Mexico) har flytta seg frå Midtausten til Aust-Asia (Japan, Sør-Korea, Taiwan og Filippinane). Og fordi Middelhavslanda avlar for lite durumkveite til sin daglege pasta eller couscous, ser dei til Canada, som normalt forsyner 65 prosent av denne viktige spesialmarknaden. Men i år har tørken redusert avlingane vesentleg: Sidan juli har Tyrkia og Russland kome Italia til unnsetning så pastaen kan bli al dente . Kanskje må regjeringa igjen drøfte dei høge prisane, slik dei gjorde 4. mai?
Som nemnt går kornmarknaden som oftast under radaren. Å «kunne» forsyningslinene frå åker og frå hamn til hamn er noko få land meistrar så godt som dei store kornhandlarane. Her skjer det òg endringar. Dei tradisjonelle fire «ABCD» (amerikanske Archer-Midlands og Cargill, hollandske Bunge og franske Dreyfus) har fått sterk konkurranse frå kinesiske COFCO, russiske Demetra, Olam (før Singapore, no Saudi-Arabia) m.fl. (Var det derfor Cargill i 2015 kjøpte EWOS og ein dominerande plass i norsk fiskefôr?) Å måtte importere er sensitiv informasjon og krev «tillit». Selskapa treng knapt kommunikasjonsavdelingar, men må ha god nase for desinformasjon. Forsyningar må skaffast frå fleire land (få handlar til dømes berre med Russland eller Ukraina). Å gå under radaren er tilsikta.
Etter at Vesten i 1990-åra diskuterte «slutten på historia», har altså både Russland og Ukraina skapt historie. Frå 1996 til 2016 auka den samla kveiteeksporten 18-fald! I Putins visjon er eksport av olje, gass (og dermed gjødsel) og korn tre berande søylar i eit gjenreist Russland – og så våpen. Grovt sagt har Svartehavslanda (Russland, Ukraina og Kasakhstan) tatt Nord-Amerikas (USA og Canada) plass som leiande eksportørar til Nord-Afrika og Midtausten. Dei treng ein tredel av verdsmarknaden, som omtrent svarar til eksporten frå Svartehavslanda. Dei ligg nærare til enn Amerika (også Israel importerer både frå Ukraina og Russland). Dessutan et folk meir brød også i Søraust-Asia (især Indonesia), i Afrika sør for Sahara og Brasil. Kan vi lese ein stor grad av haldningane til krigen av dette?
Boka «Géopolitique du blé» ser EU som ei sovande kjempe. Om unionen samlar seg, er den jamstor med Kina som produsent og på andreplass bak Russland som eksportør. EU kunne strategisk forsyne Nord-Afrika, i bytte for eigen politisk stabilitet. Velmeinte vedtak om 25 prosent økologisk drift, 20 prosent mindre gjødselbruk og så bortetter kan i staden fjerne eksportoverskottet og dermed den geopolitisk rolla. Omvendt: Kjem Ukraina med i EU, kan eksporten bli større enn Russlands.
«Kjem Ukraina med i EU, kan eksporten bli større enn Russlands»
I oktober 2013, etter å ha vendt seg frå EU, gjekk Ukraina saman med Russland (og Kasakhstan) om å samordne eksporten med omsyn til prisar, kvalitetar, med meir. Få media fanga opp dette, men det gjorde kornbørsane. Så kom hendingane i 2014.
Kort: Den beste jorda ligg i aust, i ein boge frå Kharkiv til Odessa, det vil seie ein stor del i det russiske landnåmet. 60 prosent av kveiteproduksjonen kjem herifrå (Donbass aleine 10 prosent), og endå meir av solsikke. Boka ser derfor jordbruket som ei kjernesak i konflikten.
Men Ukraina har òg eit internt «landnåm» (om dette skriv boka mindre, men ein rapport frå Oakland Institute gjev eit bra oversyn: War and Theft. The Takeover of Ukraine’s Agricultural Land (2023) av Frédéric Mousseau and Eve Devillers). Jorda er tradisjonelt folkets felleseige. Ho kan bli bygsla i opptil 49 år, men ikkje seld, og slett ikkje til utlendingar. Det kan kanskje likne på våre kjensler for «arvesølv» som vasskraft, heimfallsrett og tidsbundne torskekvotar. Vil eit folk med eit slikt forhold til jorda si, bytte ho bort for ein pålagt fred?
Igjen er tala viktige – og innfløkte. Landet har 33 millionar hektar dyrka jord – altså om lag Fastlands-Noregs areal. Etter 1990 blei kollektivbruka (24 millionar ha) fordelt likt til åtte millionar ukrainske bønder, med andre ord 3 hektar til kvar og ingen kapital. Samtidig kom 3 millionar hektar i hendene på eit dusin oligarkar, for ein stor del ved å samle opp leigejord. Dessutan blei 5 millionar hektar statseigd jord – med president Zelenskys ord – «stolne» av private interesser. Når landet dessutan saknar ei påliteleg og digitalisert Grunnbok, men har eit tilstrekkeleg korrupt rettsvesen, blir det forvirring. Store selskap rår no (visstnok) over 9 millionar hektar, mest retta mot eksportmarknaden. Småbrukssektoren står likevel for brorparten av heimemarknaden (99 prosent av potetene, 78 prosent av mjølka og så bortetter).
Av dei ti største selskapa – som rår over areal frå 80.000 til 580.000 hektar –har berre eitt (det minste) adresse i Ukraina, fem i skatteparadis, elles mellom andre USA og Saudi-Arabia. Ukrainske grunnleggarar har aksjemajoritet, men utanlandske investorar minoritetspostar. Dei spenner over amerikanske pensjonsfond til saudiske, kinesiske og norske (Oljefondet fjerde størst per 2020). Selskapa har (som staten) djup gjeld til utanlandske långjevarar. Kven som eig kva i tilfelle konkursar, er uvisst.
Stor folkeleg motstand mot dette landranet førte i 2001 til eit bolverk mot oligarkane: forbod mot sal av jord utanom familien. Frå 2014 har Pengefondet, Verdsbanken og den Europeiske Investeringsbanken stadig sett som vilkår for lån at landet «moderniserer» jordmarknaden. Berre ein liten del går til produsentane på heimemarknaden, endå dei står for halve jordbruksproduksjonen i landet. Tre av fire ukrainarar er sterkt mot å oppheve moratoriet, men trass i store demonstrasjonar i 2019–20, kom det ei ny lov i 2020. Frå 2021 har enkeltpersonar kunna kjøpe 100 hektar, frå 2024 10.000 hektar, frå då av også selskap – men ingen utlendingar.
Så folks tradisjonelle rettsoppfatning om jorda som felleseige er på vikande front. I dei okkuperte områda forsyner russiske selskap seg mellom anna av eigedomar som høyrde til dei ti nemnte. Vert Ukrainas jord teken med våpen der, men i det frie Ukraina med lån? Alt medan landsungdom – framtidas bønder – forblør på begge sider.