Sjølv om AUF tapte skulevalet, vil ikkje Astrid Hoem høyre på Raymond Johansens bøn om å slutte å vere så «woke».

Meiner woke-stempel er heilt feil

Vaken: Astrid Hoem er leiar i AUF, og gjorde det dårleg i skulevalet.

– AUF pleier alltid å bli det største partiet i skulevalet, men ikkje i år. Korleis synest du det gjekk?

– Vi skulle veldig gjerne ha sett at vi hadde vunne skulevalet, og vi hadde håpa på å bli det største partiet. Det er andre gong at Unge Høgre vinn skulevalet i historia, og vi skal sørgje for at det blir den siste gongen. Vi gjekk ned samanlikna med førre lokalval, vi gjorde det. Dersom du samanliknar med då Unge Høgre og FpU hadde moderparti som sat i regjering, så gjekk dei drastisk meir ned i 2015. Deira regjering var altså meir upopulær blant dei unge enn det denne regjeringa er.

– Kvifor gjorde de så dårleg, då?

– Vi synest det er for lågt, men vi gjekk jo som sagt mykje mindre ned enn dei borgarlege ungdomspartia då dei sat i regjering. Det viser at deira regjeringa var endå mindre populær blant unge.

– 17 prosent, er ikkje det kjempedårleg for Ap i eit skuleval?

– For å kome med litt sjølvransaking, så kom vi for seint på Tiktok. Vi brukte for lang tid på å finne ut av det etiske rundt det, for vi er jo skeptisk til mykje rundt Tiktok. Og då vi endeleg kom dit, og byrja å leggje ut innhald, så var det nok for seint. Det er jo slik at Tiktok at der er det mange som er langt til høgre som Andrew Tate. Han gjer det stort, og vi ser at algoritmane favoriserer det ytre høgre, og det som er polariserande. Når vi pratar om abortrettar og lærlingplassar, så går det mykje dårlagre.

– Kan det vere at dei borgarlege ungdomspartia er litt flinkare enn dykk i sosiale medium og?

– Dei har i alle fall meir erfaring, så dei har hatt meir tid på å bruke det godt. Men forskinga viser at det er polariserande og harde bodskap som går godt på Tiktok. Det er det ingen tvil om.

– I skuledebattane skal folk ifrå AUF fleire gonger ha kalla FpU-leiaren for «Noregs svar på Andrew Tate». Men det er jo mange som ser på denne Andrew Tate, er det ikkje ein betre strategi å gje sine eigne svar på dei utfordringane som gjer at unge menn trekkjer mot typar som han?

– Eg tenkjer at høgresida har brukt den woke-debatten til å teikne eit bilete av ein debatt som ikkje stemmer. Til dømes så har nestleiaren i Unge Høgre sagt på fleire skular at han ikkje er woke, og at det berre finst to kjønn. Dei gjer det til eit stort poeng at det er teit å vere woke, og han stiller opp transpersonar som fiendebilete mot yrkesfagelevar. Dei er veldig opptekne av at vi er woke, men det er ein debatt som eigentleg ikkje er ekte.

– Kvifor ikkje?

– Fordi «woke» er eit fiendebilete av venstresida som ikkje stemmer.

– Så du og AUF er ikkje woke?

– Nei, eg er ikkje einig i at det er mykje kansellingskultur på norsk venstreside. Vi i AUF kjem alltid til å seie frå om rasisme, eller eit samfunn der vi forhandlar om kvinnekroppen. Det gjer vi uavhengig av kva dei tenkjer om det på høgresida.

– Kva tenkjer du om heile dette woke-omgrepet, eigentleg?

– Eg tenkjer mykje av det er importert kulturkrig frå USA, som ikkje stemmer i hop med den norske debatten. I Noreg har vi høg takhøgd for å bli motsagt, men då må du tole det og, og ikkje seie at du blir kansellert berre fordi folk er sterkt usamde med deg og gjev uttrykk for det.

– Denne veka tok byrådsleiar i Oslo Raymond Johansen eit oppgjer med den han kallar «woke-venstre», som han meiner gjer venstresida mindre tiltrekkjande for særleg unge gutar. Er du usamd med han?

– Ja, eg leste det intervjuet i Klassekampen. Eg tenkjer at Raymond er invitert til å vere med på skuledebattar og sjå at det ikkje er slik det er på norsk venstreside.

– Han er oppteken av at venstresida må ha eit svar på kva maskulinitet er for unge gutar, og korleis unge menn kan kjenne seg heime på venstresida. Har han eit poeng?

– Ja. Vi vil gjerne nå ut til unge gutar. Men eg trur ikkje at den norske høgresida har gode svar på dei utfordringane som eigentleg er der. Høgresida kjem med svar på utfordringar som eigentleg ikkje finst. Eg skulle ønske dei heller brukte kreftene på å gje svar på korleis dei med yrkesfagleg bakgrunn skal få læreplassar, eller korleis ungdom som fell utanfor skal få seg jobb.

– Kan det hende at dei sterke borgarlege tendensane i skulevalet er eit uttrykk for at dagens ungdom er individualistiske?

– Eg trur i alle fall at Magnus Marsdal har eit poeng når han seier at Tiktok er laga for høgresida. Det er algoritmar på speed. Samstundes er det mange som i dette skulevalet har stemt på sosialdemokratiet, og som er bekymra for klimagassutslepp. Det er ein ungdomsgenerasjon som har opplevd krigen i Ukraina, som er uroa for om dei får dei same moglegheitene som foreldregenerasjonen fekk. Det er eit ansvar som heile det politiske Noreg må kjenne på. Eg vil ha politikarar som seier at dette skal vi klare, og det seier Jonas Gahr Støre.

– Korleis skal de klare å nå ut til fleire unge menn, då?

– I alle fall ikkje ved å ape etter høgresida. Vi skal prate meir om dei reelle problema som finst. Mange av elevane på yrkesskulane er bekymra for at dei ikkje får læreplass, mange er bekymra for om dei kjem til å ha ein jobb å gå til. Dei lurer på om det er noko for dei i det grøne skiftet. Skal vi stemme for billegare snus, eller for ei betre framtid?


– Korleis er samansetninga i AUF no? Har de mange tillitsvalde med yrkesfagleg bakgrunn?

– Ja, vi er det desidert mest mangfaldige ungdomspartiet av alle, og har også mange med yrkesfagleg bakgrunn. Og så må vi på venstresida gå i oss sjølv. Eg er bekymra for at det blir meir kjønnsdelt kven du stemmer på. Eg meiner at her har vi ei utfordring med dei sosiale media, dersom du får eit ulikt samfunnssyn ut frå algoritmane.

– Korleis går det på Tiktok no som de har kome på plass der, då?

– Det er ein av dei tinga vi kjem til å evaluere skikkeleg på måndag.

Tittelen til artikkelen er oppdatert 09.09.2023.