Melding

Ombodsmannen

Emil Boss løftar fram migrantarbeidarane sine vitnesbyrd i si nye bok.

Fleire hattar: Emil Boss er spaltist i Klassekampen, poet og arbeidar i fagforbund. Foto: Iso LindhFleire hattar: Emil Boss er spaltist i Klassekampen, poet og arbeidar i fagforbund. Foto: Iso Lindh

Emil Boss

Kompression

Dikt

Bokförlaget Lejd 2023, 240 sider

Emil Boss er velkjend for Klassekampens lesarar som spaltist, men kanskje ikkje like kjend som poet. Han debuterte i 2011 på prestisjeforlaget Bonniers med ”Vad avlägsna vi ser ut man kan knappt tro att det är vi”. I 2017 gav han ut ”Acceleration” på forlaget Lejd. Den blei trykt både som bok og på ein kassarull (!). Det formatet spelte på at Boss skreiv om arbeidet sitt på Systembolaget, der han blant anna sat i kassa. Etter å ha engasjert seg i fagrørsla – og dessutan ha skrive om vilkåra for arbeidarane på sørafrikanske vingardar – måtte han likevel forlate sin post på den jobben. No kombinerer han rolla som poet med å arbeide på det syndikalistiske fagforbundet SAC, der han prøver å organisere migrantarbeidarar. Det er desse arbeidarane «Kompression» handlar om.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Bokmagasinet

Kommentar

Bli med på defilering over Sehesteds plass.

Nordisk råd

Med stort utbytte graver flere svenske forfattere nå etter poetisk gull i doku­men­tarisk hverdags­prosa.

Essay

Enten et dikt er bundet eller fritt eller en blanding, er det viktigste at det er eksis­ten­sielt sant.