Solveigs salt

Norrøne fedrar

Torgjerd var yndlingsbarnet, og ingen spurde etter Torstein.

Ein mann er like mykje i slekt med døtrene sine som med sønene, og når han drep ei dotter av såkalla æresomsyn, ofrar han vidareføringa av sine eigne gen for å for å smiska med menn som han ikkje er i slekt med. Derfor går evolusjonsbiologien i ein vid boge rundt dette forholdet.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Solveigs salt

Giftgass

Då eg blei fødd, sa mormor: Det blei berre ei jente. Det blei gjenfortalt som ein vits. Etter generasjon på generasjon med gråkledde gutar hadde det endeleg kome jenter på garden, med fine kjolar og sløyfer i håret, først søster mi og så meg. Alle måtte jo sjå at eg var toppen av skaparverket, og når mormor trudde at det hadde vore betre med ein liten bror, var det så på tvers av alle kjende verdiar at det var ikkje til å ta på alvor. Farmor hadde fødd tre søner, men mista den einaste dottera, så for henne må jenter ha vore særskilt verneverdige. Mormor hadde alt opp fire flinke og velskapte døtrer, men ingen odelsgut. Ho såg nok på seg sjølv som berar av eit katastrofalt kvinne-gen som ho no hadde smitta ei aktverdig manneslekt med. Det var ei skam som ingen kunne fri henne frå, ikkje eingong farmor, som ho elles såg svært opp til. Fram til førre hundreårsskifte knytte det seg lite sentimentalitet til jordeigedom, og farfar til farfar kjøpte og selde gardar alt etter kva som lønte seg best.

Filologisk kjønn

Det kan godt vera at det er sant at dei unge av i dag ikkje er så flinke til å lesa lange tekstar som dei burde. Men kva tid var dei det, i grunnen? Då eg gjekk på folkeskulen, frå 1956 til 1963, gjekk dei fleste undervisningstimane med til å høyra på mens læraren høyrde gutar med lesevanskar i leksa. Dei stakkars ungane stotra og stamma og hadde det sikkert mykje verre enn oss som berre sat og keia vettet av oss imens. Ingen av dei gjorde merkbar framgang. Men plagast skulle dei, år etter år. Lærarane var sjølvsagt fullt lesedyktige for sin eigen del. Kva dei las er likevel eit mysterium, og i alle fall hadde det ikkje noko med jobben deira å gjera.

Kulturelle plager

Den verda me lever i, er resultat av milliardar av personlege avgjerder som er blitt tekne av menneske som ikkje visste anna råd. Mange har vore truga på livet om dei ikkje gjorde som dei var tilsagde, andre har blitt lokka med lovnader om lukke for dei føyelege. Å handla ut frå individuell erfaring har sjeldan vore tilrådd. Tvert om har folk flest kjent seg forplikta til å gjera dei same feila som foreldra og besteforeldra. Det er særskilt trist fordi så mange av dei som tidleg i livet handlar klokt og sjølvstendig, snur tvert om som godt vaksne og sparkar bein både for seg sjølve og ungane. Som ung og nygift nekta oldemor å flytta inn på heimegarden til oldefar før tippoldefar og tippoldemor hadde funne seg ein annan stad å bu. Men då ho blei svigermor til farmor, hugsa ho ikkje lenger kvifor ho sjølv ikkje for nokon pris ville bu vegg i vegg med mellomgenerasjonen.