Anthony

Det nærmar seg hundre år sidan countrymusikken byrja å ta form, som ein popularisert variant av folkemusikk frå Appalachene i det søraustlege USA. Langt oppe i fjella oppdaga den legendariske plateprodusenten Ralph Peer store musikalske talent blant lutfattige husmenn og arbeidarar. Dei mest kjente av dei vart The Carter Family, som kom rett frå jordgolv og fattigdom og enda opp som kjendisar. På dei enkle instrumenta sine song dei gamle viser om armod og slit, og plateprodusentane klarte med det å skape ein ny amerikansk musikk som heile landet tok til seg.

Dagboka