Film

Slår inn opne dører

Sørlandssatiren «Perleporten» liknar ein underutvikla tragedie.

Once Upon a Time in The East: «Nyheter fra Sørlandet» på tur til Romania for å avsløra tiggarar som svindlarar. Once Upon a Time in The East: «Nyheter fra Sørlandet» på tur til Romania for å avsløra tiggarar som svindlarar.

Perleporten

(Noreg, 2023) Regi og manus: Jonas Matzow Gulbrandsen Dramakomedie, 1t.49min., Kino

I sommar vart det politiske Kristiansand sett på hovudet då Fædrelandsvennen oppdaga at ein lokal filmprodusent hadde fått støtte frå kulturstiftinga Cultiva til prosjektet «Perleporten». Ifølgje søknadspapira skulle det blir ein satire om kommunevalet i byen i 2019. Det var illevarslande nok for mange, då det var året Facebook-sida «Sørlandsnyhetene» splitta byen og skapte nasjonal furore. Like etter vart det slept ein trailer for filmen, med bilde av det som tilsynelatande var ein nyfrelst, onanerande og spelegal netthandelgründer med politiske ambisjonar. Sørlandsnyhetene vart grunnlagt av Blivakker-gründer Einar Øgrey Brandsdal, og filmteaseren førte til at fleire kommunestyrepolitikarar i Kristiansand byrja å snakka om «mobbing» og uttrykte ønske om å få filmen trekt. Med eitt hadde dei ein prinsipiell kunst- og ytringsfridomsdebatt i fanget, som vanskeleg kunne vinnast. Og enno hadde ingen sett filmen.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Film

Film

The Odyssey

Nolans Homer-variasjoner balanserer mellom gresk antikk-cosplay og storslått kitsch.

Film

Not A Pretty Picture

Martha Coolidge rekonstruerte valdtekta ho vart utsett for som 16-åring, og avslørte samstundes high school-komedien.

Film

Jean de ­Florette

40 år etter at Claude Berris «Jean de Florette» gjorde Provence-film til ein eigen dramasjanger, står filmverket fram som ei åtvaring mot framandfrykt og dødbringande hete og tørke.