Lær av Oslo!

Eg har alltid lese leiarartiklane i Klassekampen med stor glede og nytte på grunn av solid faktagrunnlag og nyanserte perspektiv. Leiarartikkelen 5. august «Ikke lær av Oslo» var dessverre eit unntak. Leiarartikkelen drøftar debatten i Trondheim om å bygge eit nytt, felles kunstmuseum for kunst og design til erstatning for Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum og Trondheim kunstmuseum. Arbeidet med å realisere eit nytt museum har halde på sidan 2006, men vart aktualisert då kunstindustrimuseet vart stengt i 2021 på grunn av bygningen sin tekniske tilstand. Heller ikkje Trondheim kunstmuseum sin snart 100 år gamle bygning er tilpassa framvising av museet sine samlingar og tilfredsstiller heller ikkje tekniske krav.

Debatt