Sunnmøre

VG har vore på Sunnmøre med Erna Solberg og nok ein gong meiner avisa at dei har oppdaga at landsdelen skjuler mykje av grunnen til at det går så dårleg med regjeringa. Sunnmøringane likar nemleg ikkje å betale skatt, dei er hardtarbeidande og dei vil ikkje ha hjelp frå nokon. Kommentator Astrid Meland skjønar nesten ikkje kvifor Erna Solberg gidd å bruke tid på Møre og Romsdal, for landsdelen elskar ho jo allereie så mykje. At Høgre gjer det dårlegare enn landssnittet i Møre og Romsdal, skulle ein ikkje ha trudd etter å ha lese serien med kommentarar og saker i VG førre veke.

Dagboka