Litteratur? 18. sep.
Olav Nygards grav Eg gjekk opp til Olav Nygards grav ved Østre Aker kirke i juni, med ein blomster i handa, for å heidre den store skalden frå den bortgøymde dalen i Nordhordland. Då eg kom fram, vart eg forstøkt – nett som de i Bokmagasinet: Festeavgifta på grava var ikkje betald og grava kunne når som helst slettast! Eg synest det er ille at grava til son til Olav og Rakel Nygard alt er fjerna – kunstnartalentet Sigurd Nygard, som døydde berre 19 år gamal i 1934. Ho stod rett attmed diktarens bauta med orda «Paa tronge vegar stig det store tankar». No kunne mor og far gå same vegen.
Og det forunderlege: Ikkje berre var det info om festeavgifta ved grava, men det låg ei bok – «Olav Nygards seng» av Erlend Nødtvedt – i molda ved steinen. Plantar hadde skote røtene sine gjennom boka og soge næring av henne. Her har ein Nygard-groupie lege ved grava, røykt hasj, dikta eitt og anna vers, før ho eller han grov ned Nødtvedts bok – eit offer til Nygards ånd.
Eg ringde momentant Oslo kommune med spørsmål om festeavgifta: «Ja, Modalen kommune har sendt inn en søknad om betaling», sa dama på telefonen.
Ronny Spaans