6. okt.
Yoga-helvete Eg var meg brått ein yogamatte dekt av eiga sveitte og forbanna yogainstruktøren no i helga.
Det var «hot yoga», nærmare bestemt «hot vinyasa yoga» i eit varmt rom. Eg veit ikkje kva temperaturen var der inne, kanskje 30 grader? Eg blei i alle fall veldig sveitt, veldig fort.
Eg kan skryte av at eg gjekk fast på hot yoga før, på vidaregåande, saman med ein rar gjeng menneske, om eg kan vere så frekk (men eg inkluderer jo meg sjølv, så det må vel vere greitt), der mennene gjekk med bleieliknande klede (deriblant ein nokså kjend norsk skodespelar, om eg hugsar rett) og instruktørane verkeleg verka som at dei var straight outta (ein hardcore) yoga-leir i India. Dei nytta berre orda på sanskrit om øvingane, var utruleg (!) opptekne av pusten, og det heile var meir som, ja, yoga, ein filosofi og livsstil, enn berre trening.
Denne timen der eg prøvde å ikkje la beina skli av matta, var definitivt meir trening. Eller, trening på denne måten er jo òg ein livsstil, ein livsstil av tidsånda, ein treningsstudio-livsstil. Uansett: Her skulle me «gjere» yoga, altså berre komme oss inn i positurane og ut av dei att, helst med pust («finn din pust», gjentok instruktøren, med ei enerverande teatralsk røyst), men han var lydlaus. Lyden me høyrde var Enya-remiksar og noko som høyrdest faretrugande ut som «Pirates of the Caribbean»-soundtracket.
Smørbukken