Europeiske samproduksjonar har ord på seg for å vera preglause «puddingar», men den på alle vis mørke dystopien «Vesper», viser at det er mogleg å laga estetisk konsistent og kunstnarisk tydeleg film på tvers av landegrensene. Det hjelper nok at filmskaparane alt er eit, transnasjonalt kunstnarpar. Den litauiske regissøren Kristina Buožyte og den franske digitaldesignaren Bruno Samper, har tydeleg hatt ein klår ide om kva «Vesper» skulle bli før dei realiserte han som ein fransk-belgisk-litauisk produksjon med engelsktalande, britiske skodespelarar i dei berande rollene.
Kjende dystopiske motiv får ny aktualitet i herja og forfalle, europeisk landskap.