Sindre

Ifølgje Erna Solberg er Sindre Finnes ein «sjølvstendig mann». Etter at Dagens Næringsliv avslørte at Solbergs ektemann har kome med detaljerte og omfattande innspel til kven som bør sitje i offentlege styre når Høgre sit med makta, kom den tidlegare statsministeren med dei orda under partileiardebatten i Arendal torsdag kveld. Det er ikkje første gong Solberg ser seg nøydd til å understreke at Finnes er ein annan person enn henne sjølv. Under ein valdebatt på NRK i 2013, skreiv statsminister-gemalen at NRK burde vurdere å gje debattleiar Ingunn Solheim permisjon. I ettertid påpeika ein tydeleg irritert Solberg at ektemannen ikkje burde ha gjort det.

Dagboka