Ein god idé og karismatiske roller kan ikkje berga ei bleik Dracula-tolking.

Meir død enn udød

Terror ombord: Corey Hawkins som den van Helsing-liknande legen Clemens og Aisling Franciosi som den blodsjuke blindpassasjeren Anna på den fordømte skonnerten Demeter. Foto: NFD

Regissør André Øvredal slo gjennom i 2010 med «Trolljegeren», ei overskotsprega oppdatering av norsk folketru. Suksessen førte han til Hollywood der Øvredal hovudsakleg har hatt regi på «populærmytologiske» skrekkfilmar som han ikkje har hatt kunstnarisk eigarskap til. Produkta har mangla den tydelege identiteten og personlege regissørsignaturen til gjennombrotsfilmen. Det gjer også Øvredals «Dracula – The Last Voyage of the Demeter», som kjem til kort i sin freistnad på å tilføra nytt «blod» til kommersialiserte vampyrmytar og Dracula-filmatiseringar.

Film