Ordførar Sture Pedersen har fått med seg Raudt og SV på å kutte skatten for dei rike. No vil han kutte skatten til vanlege folk i millionærkommunen Bø i Vesterålen.

Fyrsten av «Noregs Monaco»

Ny plan: Ordførar Sture Pedersen (H) har lært av erfaringane med å senke formuesskatten. No vil ha ta nye grep i skattepolitikken i Bø i Vesterålen.

Ordføraren Sture Pedersen er kanskje den einaste innbyggjaren i den vesle fiskerikommunen Bø i Vesterålen som kvar einaste dag går i dress. Men utstrålinga hans er ikkje stiv.