Cruiseturismen står for store utslepp. Finansbyråd Per-Arne Larsen (V) i Bergen vil heller jobbe for å gjere skipa reinare enn å stengje dei ute.

Ser ingen skjer i sjøen

Smule sjø: Cruiseskip legg til i Bergen 350 gongar i 2023. Finansbyråd Per Arne Larsen (V) i Bergen prøver å påverke dei skipa som kjem innom byen til å bli grønare. Her er han i fjortande etasje av rådhuset.

– Du parafraserte Timbuktu i Bergens Tidende og skreiv at «alle vil ha hamneby, men ingen vil ha skip». Kva meiner du med det?

– Det er litt prega av den debatten som har vore i det siste. Tidlegare i vinter var det konkurranse mellom MDG, SV og Raudt om å vere mest mot cruise, kvifor MDG røysta for i byråd ting dei var mot og så bortetter. Det høyrest ikkje ut som dei ville ha skip i hamna vår i det heile, samstundes som ein vil ha godsnæringa ut av byen. Då vert det eit samla drag om at det er fint å vere hamneby, for det likar vi å smykke oss med, men skipa er ei belastning. Det er for stygt, for mange folk og alt dette. Det minte meg om den songen. Alla vill till himmelen men ingen vill dö.

– Men det er jo stygt, mange folk og alt dette.

– Vi er jo veldig merksame på at det er ein negativ klang. Per passasjer er det ei ureinande verksemd. Det er inga tvil om at for klimaet og miljøet ville det vore best om det ikkje var ei cruisenæring. Då hadde dei ikkje sleppt ut dei klimagassane. Men no sit vi med hendene på rattet og kan anten arbeide for å redusere utsleppa eller lukke augo. Vi prøver å bidra på vår måte å redusere klimagass­utsleppa. Om vi stengjer dei ute, kuttar vi ikkje eitt gram CO2. Det er ein politikk vi uforma saman med MDG, som dei no kallar «snikcruisifisering».

– Ei undersøking frå NHO Reiseliv i 2019 viste at cruiseturistane ureinar mest og legg att minst pengar. Dei sa at «vi må gjere noko med dei uakseptable utsleppa frå cruise». Kva må vi gjere?

– Vi har sett eit makstak på skip og turistar. Det handlar om kva Bergen kan takle av samtidige turistar, sjølv om det er mange turistar som ikkje er cruiseturistar. Vi set klima- og miljøkrav som vi skrur litt og litt til for kvart år. Og så skal det løne seg å vere klimavenleg, så det er billegare jo grønare skipet er. Det er krav til utsleppsfri inn- og utsegling og til landstraum. Vi skårar skipa etter kor miljøvenlege dei er, og ser at når dei kjem tilbake til oss, vert dei meir miljøvenlege, og fleire legg seg på landsstraum. Og så er vi ikkje naive heller. Vi øn­skjer at dette går fortare. I den grad vi kan bidra med det, opplever eg at vi gjer det. Då vi først vedtok krav i 2018, var dei hårreisande. No er utsleppskrava frå 2026 valdsame, men viser at det beveger næringa. Det er betre enn å stengje dei ute, og så siglar dei ein annan stad.

– Korleis skårar de skipa?

– Dei får ein skår etter kor mykje utslepp dei har til sjø, kva type drivstoff dei bruker, om dei går på landstraum og så bortetter. Det handlar om at vi er ein populær destinasjon og kan gå framfor. Vi kan påverke saman med verdsarvfjordane for å få dei til å tilpasse seg. På den måten kan vi vere med å «tune» ein firedel av alle cruiseskipa i verda. Det er betre enn å ikkje påverke i det heile. Vi er ei populær hamn, men om vi stengjer heilt, vil vi tape arbeidsplassane og pengane, samstundes som det kan leggje grunnlag for ny hamn på Askøy eller i Bjørnafjorden, eller at dei går ein heilt annan stad. Vi såg nyleg bilete av verdas største cruiseskip, som ser litt halvvulgært ut. Dei kjem ikkje hit i det heile. Cruisenæringa vil leve i beste velgåande utan Bergen.

– Dei tiltaka verkar for dei lokale utsleppa, men mesteparten av utsleppa føregår mellom hamnene.

– Det er noko som ligg utanfor vårt domene. I det heile har ikkje hamna høve til å stille desse krava. Vi har ikkje heimel, så vi bruker makta vi har i at dei vil til hamna vår. Vi bruker bookingsystemet aktivt til å akseptere dei beste skipa. Det dei siglar på, og teknologien dei bruker til å kome til hamna, påverkar evna dei har til å vere grøn under sigling. Samanlikna med andre skip, ligg cruiseskipa ein del i hamn. Dei har større del av utsleppa i hamna enn andre skip. Difor har det ein stor effekt å få dei over på landstraum. Cruiseskipa kjem om morgonen og ligg her heile dagen, medan passasjerskip til Danmark eller godsskip er i hamna veldig kort tid. Cruiseskipa i Bergen slepper ut lite: Det er om lag éin prosent av utsleppa. Vi har vore nede i 0,16 og oppe i 1,6 prosent. Likevel er det dei som er utsleppshoggestabben. Verda hadde nok vore betre utan den typen turisme om ein får folk over på tog. Det er noko vi jobbar med. Vi driv ikkje og sel cruise utad. Vår strategi for å tiltrekkje oss turistar rettar seg mot andre.

– De vil ha nullutslepp i innseglinga innan 2026, som verdsarvfjordane. Er det realistisk?

– Då vi sette kravet, sette vi det same som verdsarvfjordane, sånn at vi dreg i same retninga. Bransjen seier at dei ikkje kjem til å greie det, men Sjøfartsdirektoratet meiner det kan vere realistisk i 2030. Maritime Bergen og Maritime Cleantech har vore tydelege på at vi bør oppretthalde kravet fordi det gjev eit press mot næringa og insentiv til industrien i Noreg som har teknologien. Vi får berre følgje med på kva realiteten vert.

– Det er krevjande å byggje store nok batteri og liknande til å drive dei enorme cruiseskipa. Kan ein sjå for seg ei framtid med mindre og grønare skip i staden?

– Det er jo mogleg å sjå for seg. Ein grunn til at vi auka makstalet på skip frå tre til fire om dagen, var at det gav insentiv for at mindre skip kunne kome, men innanfor same makstak på 8000 passasjerar. Når vi ser på miljøkrava, er det dei store som skårar best per passasjer. Når ein byggjer nytt og byggjer stort, kan ein få ein god rekneskap per passasjer. Vi kan ikkje gjere anna enn å stille krava, men eg trur at næringa med mindre skip på sikt vil vere meir miljøvenleg, men no er det dei store som går litt føre og får landstraum og dei tinga på plass.

– Er du for ein turistskatt på cruisepassasjerar?

– Vi er positive til det og jobbar med det. Bystyret ønskjer det og vil ha ei sak tilbake frå byrådet. Høgre kom med framlegg i fjor, men så har dei snudd lokalt, og Høgre nasjonalt har snudd andre vegen. Reisemålsutvalet peikar på ein nasjonal turistskatt som skal delast ut til kommunane. Vi ønskjer oss ein lokal turistskatt. Vi vil få inn pengane her og bruke dei på tiltak som kan styrke Bergen.