Solveigs salt

Monologar

Eg fekk tuta øyra så fulle at eg måtte søkja profesjonell hjelp.

Du har vel barnebarn?» sa dama i garderoben.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?

Solveigs salt

Akilles og krigen

Det som skjer i Europa no, har ein heil del felles med den tre tusen år gamle Iliaden. Grekarane, les Russland, har invadert trojanarane, les Ukraina. Krigen har vart i årevis og fredsforhandlingane står i stampe. Den sympatiske trojanarprinsen Hektor, les Volodymyr Zelenskyj, fører hæren med mot og kløkt og har periodevis stor framgang. Men halvguden Akilles er like uovervinneleg som Vladimir Putin. Elles har det sjølvsagt skjedd store endringar i livssyn og framferd. Mens Putin driv på i år som i fjor, klagar Akilles over at han er utsliten av å kjempa mot folk som aldri har gjort han noko vondt.

Menn som elskar

Iliaden og Odysseen er enkle forteljingar som det er lett å kjenna seg att i. Dei handlar om sjølvsentrerte kvinner og menn som kjempar like intenst for kjærleiken som for rikdom og makt, mens slekt og patriarkat kjem i andre rekke. Dei sympatiske trojanarane taper krigen fordi dei har fått Hera og Athene imot seg, og etterpå vender den skjønne Helena tilbake til han ho var gift med før ho stakk av med prins Paris, utan å få eit vondt ord for ekteskapsbrotet. Så når dei homeriske verka går for å vera tunge og utilgjengelege, er det helst fordi dei stemmer så dårleg med det me trur me veit om oldtida. For å få fullt utbytte er det best å lesa dei som om dei var bøker som kom ut i fjor. Då vil ein sjå at handlinga i Iliaden kickstartar allereie på første side, der ein Apollon-prest vågar seg heilt aleine inn til dei greske okkupantane ved Troja for å kjøpa fri dotter si, som er teken til fange av kong Agamemnon. Agamemnon trugar han med pryl og det som verre er, men presten sender ei gloheit bøn til Apollon, som sender pest og død over grekarane heilt til Agamemnon lèt jenta fara.

Pile­grimsferd

Klassiske bøker er som helgenar, omgjevne av stråleglans og fulle av tolmod. Sjølv om nesten ingen hugsar at dei finst, er dei alltid klar til å ausa velsigninga si ut over alle som vender seg til dei. Å lesa ein klassikar som har stått på vent heile livet, er som endeleg å ha fått teke seg saman til å dra på valfart til Nidaros eller Mekka, kanskje endå meir gjevande enn om det var blitt gjort før. Eg har i alle år gått omkring og hugsa eit lite utdrag frå engelskpensum på gymnaset, om «the Wife of Bath» som hadde vore tre gonger i Jerusalem og hadde hatt fem ektemenn i tillegg til ­ungdomskjærastane. Sist måndag tok eg «The Canterbury Tales» ut or hylla der dei har stått klar til lesing heilt sidan ­studietida. Og under over alle under, der kom dama ridande like frisk og frekk som før, på ein veldressert passgjengar, med ein hatt så stor som eit skjold på hovudet og ei fløymande kappe over dei breie hoftene. Ho har raude strømper og skor med sporar på hælane og er tilsvarande skarpskodd og radikal i tankegangen, med kunnskap om religion og anatomi fullt på høgd med dei mest framståande lærde i europeisk seinmellomalder. Boka blei skriven av ­engelskmannen Geoffrey ­Chaucer på slutten av 1300-talet, meir enn hundre år før innføringa av trykkjekunsten, og handlar om ein brokete flokk med ­pilegrimar på veg frå London til grava til ­martyrhelgenen Thomas Becket.