Alderen

Sovjetveldet var eit gamalmannsvelde i 1970- og 80-åra. Gamle, sjuke, korrupte leiarar som klamra seg til makta. Politbyrået, den øvste leiinga i kommunistpartiet, hadde ein gjennomsnittsalder på 70 år i 1980. Opp frå 61 i 1964 og 55 i 1952. Jurij Andropov vart statsoverhovud 68 år gamal og døydde vel eitt år etter. Han vart etterfølgt av Konstantin Tsjernenko, 72 år gamal. Han levde eitt år til. Presidenten i USA på same tida, Ronald Reagan, spøkte med at dei sovjetiske statsleiarane døydde frå han.

Dagboka