I den nye storfilmen «Oppenheimer» handlar ein del av historia om at «atombombas far» J. Robert Oppenheimer sleit med å få tryggingsklarering frå amerikanske styresmakter. Sjølv om han av mange vart sett på som den viktigaste personen bak at USA klarte å utvikle atombomba før Nazi-Tyskland, så var det mange som aldri aksepterte at lojaliteten hans låg hjå USA. Han hadde nemleg vore interessert i både sosialisme og kommunisme, og han hadde ein bror og ein kjærast som hadde vore medlemmar av det kommunistiske partiet i USA.