Forbetring eller forverring?

Næringsminister Jan Christian Vestre svarar 19.07. på kronikken min to dagar før, og tar miljørørsla til inntekt for at miljøstrategien er godt mottatt. Grunnlaget er at Truls Gulowsen i Naturvernforbundet har omtalt strategien som «oppgjør med mange tiår med skrekkelig gruvedrift og miljøforvaltning». Til dette har eg eit spørsmål til ministeren: Sidan du syns dette er så gildt, er du einig med Gulowsen i at vi har hatt «mange tiår med skrekkelig gruvedrift og miljøforvaltning»? I så fall ser eg fram til regjeringa sin sjølvkritikk.

Debatt