Pliktfølelsen ein har overfor mor si, er eit sår som blir dytta nedover frå ledd til ledd.
Solveig Aareskjold (Forfattar)
Eg strakk ikkje lenger til som dotter til ei gamal mor, og hadde fått time hos ein pensjonert sjukepleiar som dreiv med rådgjeving heime i stova si. Ho kasta berre eit blikk på meg, så sa ho: «Flykt!»