Brann

Lite regn gjennom juni har gjort det tørt mange stadar i landet, og fleire plassar har skogbrannfara vore stor, med ekstraordinære forbod mot eld. Fleire stadar har flammene tatt over, som i Samnanger og Vaksdal utanfor Bergen. Naturkreftene er sterke når dei får herja. I Vaksdal kan det ha vore lynet som slo ned i eit tørt tre som starta brannen. Det var ulent og eit vrient terreng for brannmannskapa å ta seg fram i, men dei klarte å stoppa flammane.

Dagboka