Stortinget har vedtatt innføring av studieavgift for studentar frå land utafor EU/Sveits. Dette har akademia svært ulike syn på, men motstanden er utbreidd. Dei mest høgrøysta hevdar at dagens ordning er bra både for norske universitet og norsk næringsliv, og utgjer ei genial form for u-hjelp. Dette heng sjølvsagt ikkje i hop. Sett ut frå eit fordelingsperspektiv er vi ikkje i nærleiken av ein slik vinn-vinn situasjon. Fordi ordninga ikkje lenger har gode insitament mot omfattande hjerneflukt (sør til nord), er den med på å tappa våre samarbeidsland i sør for utviklingspotensial.