Me har alltid lært at i heidensk tid var livet alles kamp mot alle, blodig, ekkelt og kort. Men det finst ingen historiske kjelder for at det var sånn det var. Tvert om var nedskrivinga av den norrøne litteraturen kring år 1200 eit krisetiltak mot eit talibansk barbari. Etter to hundre år med kristendom skjøna islendingane at sivilisasjonen deira var i ferd med å gå til grunne, og investerte tungt i arbeidstimar og kalveskinnspergament for å halda han fast.