Therese Bakkevoll lagar samanhengar mellom før og no, kollektive og personlege kriser.

Krig i vår tid

Debutant: Therese Bakkevoll har gått på forfattarutdanning både i Göteborg og Tromsø. Foto: Marius Fiskum

I desse dagar er det som om avstanden til fortida og andre verdskrig blir stadig mindre. Det er krig i Europa, og medan eg las Therese Bakkevolls skildring av senkinga av det tyske krigsskipet Tirpitz utanfor Tromsø, seila vår tids største krigsskip, det amerikanske hangarskipet USS Gerald R. Ford, opp Oslofjorden.

Bokmagasinet