Dagboka

Mads

Det er ikkje lenger noko ein døyr av , men døyr med .» I fjor vår henta eg ein katt som hadde levd eit tøft liv ute, men som no trong eit tryggare og rolegare liv. Eg bur i tredje etasje og trong ein katt som ikkje kunne vere ute. «Heldigvis» har Mads feline immunodeficency virus (FIV) og må vere inne. Dyrebeskyttelsen fortalde om sjukdomen og gav meg nokre tips til forsikringsselskap som dei meinte hadde gode haldningar. «Etter kvart som folk har fått meir kunnskap om FIV, forsvinn òg fordommane.»

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Dagboka

Tapt seg

Forfattar Tomas Espedal meiner at Bergen har tapt seg, og at det no er vanskeleg å bu der. Om det siste stemmer, veit eg ikkje. Men at byen har mista noko, trur eg. Eg er i det heile sympatisk innstilt til tanken om at ting tapar seg. Det meste i verda gjer det. Det meste som skil seg ut, vil før eller sidan miste fortryllinga si og gli inn i den same forflatinga som alt anna. Eg er halvt bergensar og halvt sunnfjording.

Ungarn

Viktor Orbán er avløyst av Péter Magyar, og mange i Europa er letta over det. Rett nok har dei to konservative politikarane mykje til felles, men Magyar ser ut til å ha eit meir demokratisk sinnelag. Det hadde jo Orbán også ein gong. Lenge budde ungararane ein heilt annan stad enn i Ungarn. I år 895 kryssa magyarane dei høge fjella Karpatane, og dei greidde raskt å ta slettelandet vi i dag kallar Ungarn. I år 1000 skipa dei kongedømet Ungarn, som faktisk varte i ulike former nesten heilt til kommunistane tok over 948 år seinare. Den påtroppande statsministeren heiter altså det same som stammane som etablerte Ungarn.

Luftig

I dag er det 100 år siden luftskipet «Norge» mellomlandet på Ekebergsletta, på vei fra Italia til Nordpolen, via Oslo, St. Petersburg, Vadsø og Ny-Ålesund. Mange tusen var samlet rundt luftskipsmasta og ønsket polfarerne lykke til. Roald Amundsen var ekspedisjonsleder, Umberto Nobile var konstruktør og fører. og amerikaneren Lincoln Ellsworth var sponsor. Disse tre, sammen med et mannskap på 13, tok av fra Ny-Ålesund 11.