Akkurat nå

Trioving

Eg sleit med å få dagane til å gå. No går det betre. For ei stund sidan kjøpte eg meg ein ny hengelås. Nokre nabogutar hadde brote seg inn i vedskjulet. Dei var på jakt etter heimebrent, men dei som kjenner meg, burde vite betre og skjøne at eg aldri ville ha oppbevart 96-en så tilgjengeleg. Uansett, med den nye hengelåsen følgde det ganske naturleg ein ny nøkkel. Å fjerne gamle nøklar frå knippet har eg slutta med.

Australia

Sydney er kjent for å ha et tøft leiemarked. Da søstera mi flyttet dit for å studere, endte hun i et stort kollektiv styrt av en humørsyk usbeker som av og til kastet ut folk midt på natta. Hun flyttet ut frivillig – og inn i et lite rekkehus sammen med tre venner. Så det var her vi fikk lov å bo da vi kom på besøk. Det luktet rart i huset, det kom skumle lyder fra veggene, og det lå en død rotte i en bøtte i bakgården. Men vi bodde gratis og sentralt. Dermed kunne vi gå tur til parken like ved og spille bordtennis i kveldsmørket.

Å bolle eller ikkje bolle

I dag skal eg slå eit slag for gjærbakst. Da pratar eg ikkje om ihelstekte lussekattar og kveitebollar frå alskens elendige skuleavslutningar, loppemarknadar og korpslotteri, men ordentleg gjærbakst baka av ei gamal dame frå ei seter langt inni Tuddal. Min ekstreme hunger etter gjærbakst gjorde at eg her om dagen var nøydd til å prøve det sjølv. Du trur meg sikkert når eg seier at eg ikkje altfor ofte bakar. Sist gong la eg alt bakeutstyret på ein lur plass. Problemet er at du aldri finn noko igjen når du legg det på ein lur plass. Veit du forresten kva du kallar ein bipolar konditor? Glasur. Apropos glasur. Etter at bollane mine var ferdige, var det berre glasuren som sto att. Glasur For mykje vatn For mykje melis For mykje vatn.