Aleksander Åsnes
G35
Gudbrandsdalsosten vart funnen opp av bondekona Anne Hov frå Skåbu på sommaren 1862. Ho ville så gjerne ha ein god ost ho kunne by på når ho inviterte til budeielag, og forsøkte å blande inn fløyte i mysa idet ho tok til å koke. «Budeiene som fikk smake denne nye osten, syntes den var overlag god», står det skrive i boka Gudbrandsdalsost og gudbrandsdalsysterier, som vart gjeven ut på Gjøvik i 1945. Saman med landhandlaren Ola Kongsli på Ruste byrja Anne Hov å lage ostar i stort monn.
Det ho kanskje ikkje visste, var at sterke krefter var i ferd med å endre heile verda. Korn frå prærien i USA, og frå den svarte jorda i Ukraina, byrja å utkonkurrere den norske korndrifta. Den nye slåmaskina kunne erstatte tolv mann.