Film

Fallert forførar

Ulrich Seidl tør gå inn i situasjonar som jamvel reality-produsentane vik unna.

Edelweiss: Michael Thomas er fantastisk som den fallerte nattklubbsongaren Richie Bravo i Ulrich Seidls «Rimini». Foto: Another World EntertainmentEdelweiss: Michael Thomas er fantastisk som den fallerte nattklubbsongaren Richie Bravo i Ulrich Seidls «Rimini». Foto: Another World Entertainment

Rimini

(Austerrike, 2022) Regi og manus: Ulrich Seidl Manus: Ulrich Seidl, Veronika Franz Drama, 1t. 44 min., Kino

Filmane til Ulrich Seidl er ikkje for sarte sinn. I «Rimini» – eit portrett av den fallerte nattklubbsongaren og ferieby-gigoloen Richie Bravo (imponerande spelt av Michael Thomas) – balanserer regissøren igjen hårfint mellom empatisk innleving og sarkasme. Det er faktisk vanskeleg å seia om det medynk eller spit, som er verst å vera vitne til. For Richie Bravo er ein figur så frikopla frå samfunnsnormene at hans like er ekskluderte frå det offentlege rommet.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Film

Film

The Odyssey

Nolans Homer-variasjoner balanserer mellom gresk antikk-cosplay og storslått kitsch.

Film

Not A Pretty Picture

Martha Coolidge rekonstruerte valdtekta ho vart utsett for som 16-åring, og avslørte samstundes high school-komedien.

Film

Jean de ­Florette

40 år etter at Claude Berris «Jean de Florette» gjorde Provence-film til ein eigen dramasjanger, står filmverket fram som ei åtvaring mot framandfrykt og dødbringande hete og tørke.