Det er ikkje berre land vi ikkje likar som bryt folkeretten
Sondre Østensen-Landvik (Jusstudent med fordjuping i folkerett)
I HARDT VÆR: Siavash Mobasheri I HARDT VÆR: Siavash Mobasheri
Etter at Siavash Mobasheri på landsmøtetalarstolen kalla Stoltenberg for «krigsforbrytar», ynskjer Aftenposten ein semantisk debatt om ein kan nytte termen «krigsforbrytar» om ein person som ikkje er dømd for dette. I Dagsnytt atten 2. mai forsvarer politisk redaktør Alstadheim at vinklinga er relevant, først og fremst for påverknaden det har for bystyrepolitikken i Oslo. Det er umusikalsk – for ikkje å seie tonedøvt – og kanskje demonstrativt for ein form for norsk eksepsjonalisme (som ein vanlegvis reserverer for amerikanarane) når den norske Libya-debatten startar og sluttar der.