Aleksander Åsnes 26. sep.
Saus På Cuba har dei nesten ikkje saus. Sjølv om dei fleste er medvite at saus er ein veldig viktig del av mange rettar, så er det først når du går vekevis utan saus at du verkeleg merkar at dei er heilt håplaust å ikkje ha det.
Kubanarane skulle nok gjerne ha hatt saus om dei fekk bestemme heilt sjølv. Rett nok er dei flinke til å blande ulike typar grønsaker og fersk frukt når dei lager kylling med ris, eller når dei serverer nyfiska sjømat som dei har fiska sjølv. Tilgangen på saus blir likevel eit stort sakn når du går mange nok dagar der du et kylling og ris utan noko form for væte. Berre litt tomatsaus hadde vore nok til å blitt kvitt kjensla av tørr ris og tørr kylling.
Handelsblokaden av Cuba er komplisert, og eg kjenner ikkje detaljane i kvifor akkurat saus er ein så stor mangelvare på den karibiske øya. Det er for så vidt andre ting som manglar også, som skikkeleg såpe og dei vanlege typane av øl.
Dei første åra etter den kubanske revolusjonen i 1959 valfarta venstreintellektuelle, forfattarar, journalistar og kunstnarar til Havana og til Cuba.