Eit forsvar for fastlegen

Seint i februar kjende eg at eg fekk større og større problem med å puste. Eg forstod at eg måtte bestille time hos fastlegen, men såg at der var det mykje opptatt, fekk ikkje time før 6. mars. Den timen bestilte eg, men fordi eg vart stadig svakare, tenkte eg at eg måtte prøve å få hjelp på ein annan måte. Eg fekk time raskt, 27. februar, på ei av sentrumsavdelingane til Volvat.

Debatt