Det manglar ikkje historie i den nye filmen om Richard Storken, men både manus og animasjon saknar finesse.

Sporvar spår arabisk vår

«Klistremerker»: Richard og nykomaren Samia mellom drag-parakitten Kiki og emo-ugla Olga. Rollene er bra, men dei er, bokstavleg tala, ikkje integrerte miljøet rundt seg. Foto: SF Norge

I 2017 såg «Richard Storken» dagens lys. Ein liten, europeisk sporv mista foreldra alt før han vart klekt, og egget enda opp i eit omsorgsfullt storkereir der vesle, kjappe Richard (Oskar Fjeldstad-Bergheim) fekk veksa opp som adoptivbror til langbeinte og seige Max (Jonas Hoff Oftebro). Det store dramaet i filmen oppstod då storkane skulle migrera til Nord-Afrika på hausten, og Richard stod i fare for å mista endå ein familie. Småsporven flaug etter storketrekket og mange krumspring seinare, som blant anna lét Richard møta den diskogalne parakitten Kiki (Bjarte Hjelmeland) og emo-ugla Olga med liksomvenen Oleg (Haddy N’jie), kom heile hurven fram til overvintringsoasen.

Film