Serie

Klassekamp på hjul

Bilen er ikkje eit fridomssymbol, men ein behaldar for oppdemt sinne.

Breaking Bad: Kven har ikkje som Amy (Ali Wong) drøymt om å setja ein endeleg stoppar for meldingsvarsla på mobilen? Foto: NetflixBreaking Bad: Kven har ikkje som Amy (Ali Wong) drøymt om å setja ein endeleg stoppar for meldingsvarsla på mobilen? Foto: Netflix

Beef

(USA, 2023, S1) Serieskapar: Lee Sung Jin Svart komedie, 10x35min., Netflix

Den nyaste Netflix-snakkisen «Beef» er kanskje det sosialpsykologisk mest interessante road rage -dramaet sidan det klikka for Michael Douglas’ deklasserte MAGA-prototyp i Joel Schumachers «Falling Down» (1993). «Beef» er også ei Los Angeles-forteljing om krenkte sjølvbilde og brotne samfunnsideal, men i hendene på ein amerikansk-koreansk serieskapar med fingerspisskjensle for tidsåndsmarkørar, viser «Beef» ei meir fleirstemmig og interseksjonell tilnærming til kampen om makt og privilegium enn det monologiske 90-talsfilmar gjorde. Til liks med nærskylde serieskapningar som «The White Lotus», gjer også «Beef» medvite bruk av estetikk (som produksjonsdesignar Grace Yuns spesiallaga kunstverk) som retoriske verkemiddel.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Film

Serie

21 dager

Ja, takk begge delar: NRK vil både vera pedagog og halda unge på mobilen.

Film

Siri Hustvedt – Dansen rundt selvet

Filmen om Siri Hustvedt er et åpent, ærlig og tidvis gripende møte med et sinn av de sjeldne.

Film

La Grazia

Sarkasme gjer underverk for Paolo Sorrentinos sentimentalitet.