Nidstonga

«Nu är det trendigt att klä sig som en fattig» melder Aftonbladet. Dei rike vil ta del i nedgangstidene på sitt vis med «poverty chick». Dyre «distressed jeans» med fabrikklaga slitasje og hol på knea, er ikkje nytt i motebildet, men dei siste åra har luksusmerker som er populære hos rapparar og ungdommar, som Gucci og Balenciaga, også lansert «skitne» joggesko og svindyre vesker som har vore blåkopiar av Ikea-bagen. At produkta har vorte møtt med kritikk har ikkje hindra nye variantar av «poverty core», som det heiter i Tiktok-lingo, frå å dukka opp og bli kjøpt av dei som ikkje treng tenkja på straumrekning eller inflasjon. No er det skautet, knytt på bestemorvis under haka, som er «perfekt i lågkonjunktur», ifølgje ein motehistorikar SVT har snakka med. A$AP Rocky leia an Gucci-Babushka-stilen, og Vogue har knyte-instruksjonar i arkivet. Fattigdom som accessoirer må opp på nidstonga. GK

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Kultur

Kulturuka

Rapport fra en by i opprør.

Bøker

Utdanning skulle være inngangs­bil­letten til øvre middel­klasse. En hel generasjon endte likevel opp i service­bran­sjen, sier bokak­tu­elle Noam Scheiber.

Ideer

For 100 år siden ga A.A. Milne og E.H Shepard liv til verdens mest kjente fiktive bjørn. Hva er det med Ole Brumm som gjør han så tidløs?