Den siste kommunarden frå Pariskommunen i 1871 heite Adrien Lejeune og døydde i Sibir i 1942.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnentDen siste kommunarden frå Pariskommunen i 1871 heite Adrien Lejeune og døydde i Sibir i 1942.
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnentDå Jonas Gahr Støre la fram regjeringserklæringa til Støre-regjeringa på Hurdal hausten 2021, hadde han på seg ei dressjakke laga av stoffet velur, eller velours, som dei seier i Frankrike. Den same jakka har dukka opp stadig oftare dei siste vekene. Det kan verke som om Støres bruk av velurjakka aukar med humøret og stemninga rundt han. Støre har sagt at han kjøpte dressjakka for nokre år sidan fordi den minner han om studietida i Paris på byrjinga av 80-talet. Då prøvde president François Mitterrand å skape ein fredeleg veg til sosialisme i Frankrike, og den unge Støre skreiv i studenttidsskriftet ved Sciences Po at han aldri kunne tenkt seg å bli politikar, fordi politikken inneber å inngå kompromiss og dermed bryte med dei prinsippa ein har. I desse dagar tenkjer nok Støre sjølv at han er ein som har stått last og brast på sine prinsipp om norsk tilknyting til Europa gjennom EØS-avtala, og kanskje det er difor det er naturleg for han å no stadig kle seg i velurjakka som minner han om den unge og prinsippfaste Jonas Støre i Paris for meir enn førti år sidan. Historia om Jonas Gahr Støre er eigentleg ei tragisk historie, sa politisk kommentator Magnus Takvam, då meiningsmålingane synte at berre kring femten prosent ville røyste på Arbeidarpartiet. Det er nok òg ein sjanse for at historia om Støre blir ei lukkeleg og vakker historie til slutt.
Aleksander ÅsnesRødt er bekymret for norsk oppdrettsnæring, der eierskap samles på stadig færre hender. Deres fiskeripolitiske talsperson Geir Jørgensen sier til nettstedet IntraFish at staten bør overta hele laksenæringen, slik at milliardnæringen kommer i fellesskapets hender. Et lignende forslag hadde FrPs Carl I. Hagen i 2013, men det ble ikke tatt seriøst. Om staten vil makte å kjøpe ut store eiere som Mitsubishi og John Fredriksen, er uvisst. Staten har også før vært aktør i oppdrettsbransjen, både som økonomisk redningsmann og eier. Blant annet var Statens kornforretning via Statkorn Holding AS fram til 2014 en stor aktør både innen opprett og produksjon av laksemat. De ekspanderte også til Chile, Canada og Skottland. I 2014 sa Nærings- og fiskeridepartementet ja til at staten skulle ut, og statsselskapet Cermaq ble da solgt til japanske Mitsubishi. Om Rødt mener staten og fellesskapet må overta der privat eierskap havner på få hender, vil partiet få nok å sysle med.
Ole Magnus RappEtter Jonas Gahr Støre presenterte si nye regjering, tok det ikkje lang tid før nokre begynte å kviskra: Kva med Vestlandet? Kom det ikkje to–tre nye statsrådar frå Bergen? Ingen fleire statssekretærar, eller ein politisk rådgivar? Topp med Stoltenberg, men kor er vestlandsavtrykket på den nye regjeringa, snakka nokre om i kulissane. Enkelte også i media. 28 stillingar var i spel når nye statsrådar, statssekretærar og politiske rådgivarar skulle ut frå Sp, skriv Bergens Tidende, som har telt kva som kom inn: ein kulturminister frå Bergen, ein statssekretær frå Osterøy, ein politisk rådgivar frå Austevoll og ein politisk rådgivar frå Gloppen. I tillegg ein svært populær kunnskapsminister frå Stavanger, om det tel med som Vestlandet. I tillegg nokre statssekretærar som har flytta frå Vestlandet og i dag bur i Oslo. Statsminister Jonas Gahr Støre skrøyt av Bergen då han var her med landsstyret i to dagar. Han sa at fyrste gong han reiste ut i verda, gjekk turen til Bergen. Så fekk han støtte av ein professor i Bergens Tidende: Yngve Flo, som jobbar med politisk historie ved Universitetet i Bergen, sa at vestlendingane ikkje har noko å klaga over.
Anne Kari Hinna