I diskusjonen om formuesskatt har ei forteljing fått fotfeste det siste halve året – ei forteljing som gjer høgreopposisjonens motstand mot formuesskatt ekstra verknadsfull, og som har skapt det som no vert kalla eit «vestlandsopprør». Forteljinga er om lag slik: «Verdiane her i landet vert skapt på Vestlandet og i Nord-Noreg, og så krev Oslo dei inn i skatt og brukar dei på dyre tog og mykje byråkrati». Det er ei kraftfull forteljing.