Film

Inga verd for unge idealistar

Barnetru og religiøs makt står mot kvarandre i ein velskrive thriller.

Offerlam: Den unge studenten Adam (Tawfeek Barhom) blir avhøyrt av oberst Ibrahim (Fares Fares) etter at det har skjedd eit drap ved Al-Azhar-universitetet i Kairo. Foto: ArthausOfferlam: Den unge studenten Adam (Tawfeek Barhom) blir avhøyrt av oberst Ibrahim (Fares Fares) etter at det har skjedd eit drap ved Al-Azhar-universitetet i Kairo. Foto: Arthaus

Boy from Heaven

(Sverige, 2022) Regi og manus: Tarik Saleh Thriller, 2t.06min., Kino

Den fromme fiskarsonen Adam (Tawfeek Barhom) er den første i ein fattig familie til å ta utdanning – og ikkje kor som helst. Landsbyimamen har sytt for at den gåverike guten har fått plass ved Al-Azhar-universitetet i Kairo. Verdas største islamske universitet har eksistert i over 1050 år og er enno ein av dei mest autoritative institusjonane i sunniislam. Difor skapar det panikk – både blant teologisk rivaliserande lærarar og i den egyptiske tryggingstenesta – når den gamle storimamen ved Al-Azhar døyr på starten av studieåret. Dødsfallet løyser nemleg ut eit nyval, som er omkransa av like mange intrigar som pavevalet.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Film

Barnefilm

Glemselens øy

Fartsfylt og farvesterk skildring av to ungdommers kamp for å redde vennskapet.

Film

Det umålbare

Omsorgsyrka er samfunnets kjerne.

Film

Butterfly

Med to sterke rolletolkingar som basis, kan «Butterfly» kasta alskens idéar i filmgryta utan at den eksperimentelle kokekunsten skil seg.