Teater

Dei indre maktene

I ei kraftprestasjon av ei framsyning får vi eit eineståande innblikk i Olav Duuns frodige skildringar av menneska.

Inderleg: Med stor skodespelarkunst, og med god hjelp av eit kunstverk av ein scenografi, greier Hildegunn Eggen å levandegjere heile 28 ulike personar. Foto: Marius RuaInderleg: Med stor skodespelarkunst, og med god hjelp av eit kunstverk av ein scenografi, greier Hildegunn Eggen å levandegjere heile 28 ulike personar. Foto: Marius Rua

Juvikfolket

Trøndelag Teater, Gamle scene Av: Olav Duun

Regi: Elisabeth Matheson Scenografi: Bård Lie Thorbjørnsen

Komponist: Marthe Belsvik Stavrum

Med: Hildegunn Eggen.

For hundre år sia avslutta Olav Duun (1876–1939) sin store seksbands romansyklus «Juvikfolket». Der følgjer vi seks-sju generasjonar Juvikingar på Namdalskysten frå slutten av 1700-talet til 1918. Det er eit verk med mange lag som mellom anna skildrar overgangen frå det gamle pietistiske bonde- og ættesamfunnet til utvandring, modernisering og industrialisering, og der gamle verdisyn og etiske normer må bryne seg mot nye idear. Det er samstundes ein frodig og rik sosial roman med mange fargerike personportrett og ulike lagnadar. Det er overtru, gamle forbanningar, framandfrykt, kjærleik, intrigar, hemn, avundsjuke og alt som er menneskeleg.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Teater

Teater

Spelet om Heilag Olav

Allereie på 1960-talet meinte arrangørane på Stiklestad at manuset til «Spelet om Heilag Olav» var for dårleg. Er det ikkje på høg tid å gjere noko med det?

Teater

Komedien om mestak

«Komedien om mestak» er neppe blant Shakespeares beste, men i lokal og fargerik språkdrakt greier Rabarbra­teateret likevel å skape stor underhaldning.

Teater

STREIK!

«Streik!» er eit underhaldande musikkspel som på velspela vis dokumenterer Folldalsstreiken, ein av landets mest langvarige arbeidskonfliktar.