Å vinna Oscar er for mange å realisera ein draum ganske lik «den amerikanske draumen», ide(ologi)en som så mange vinnarfilmar har målbore. Det var også eit poeng i fleire tårevåte talar natt til i går. Mest ekte kjendest det kanskje då Ke Huy Quan takka etter å ha fått prisen for beste mannlege birolle. Den tidlegare vietnamesiske båtflyktningen og barnestjerna («Indiana Jones og de fordømtes tempel», 1984) fekk ein av dei sju Oscar-prisane som gjekk til multivers-eventyret «Everything Everywhere All at Once». Oscar 2023 vart eit av desse prisåra då ein film nesten gjer reint bord i dei mest prestisjetunge kategoriane.
Popkultur og mangfald vann over elitekunst under Oscar-utdelinga.
Mødrer er superheltar
![](https://cdn.sanity.io/images/u4eaiudq/production/f6c28192fa3f52659c894bd57e44c05c92fda155-2560x1707.jpg?w=1600&q=75&auto=format)