Dagboka

Fleirtal

På snittet av meiningsmålingane så langt i mars har Arbeidarpartiet ein oppslutnad på 17,1 prosent. Dersom det hadde vorte valresultatet, så ville det ha vore det dårlegaste valet til Ap sidan stortingsvalet i 1906, då partiet berre fekk 16 prosent av røystene. For Arbeidarpartifolk er det nok lett å miste motivasjonen av slike tal, og mange kommentatorar skriv no som om Erna Solberg og Høgre allereie har vunne kampen om regjeringsmakt og statsministeren i 2025.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Dagboka

Samisk

I disse dager er det 70 år siden Kirke- og undervisningsdepartementet nedsatte en komité for «å utrede samespørsmålet». Åtte menn ble plukket ut, og førstekonservator Asbjørn Nesheim ved Norsk Folkemuseum i Oslo var leder. I komiteen var blant annet lensmannen i Kautokeino, ordføreren i Porsanger, lappefogden i Nordland og formann i Samisk selskap i Oslo. Et forslag om å ta inn en samisk kvinne ble avslått av departementet av budsjettmessige hensyn. Bakgrunnen var en bekymring fra kringkastingssjef Kaare Fostervoll for de «mangeartede problemene som knytter seg til samenes sosiale og kulturelle stilling i vårt land». Komiteen utredet og kom med konkrete forslag av økonomisk og kulturell art, samt helsesituasjonen og boligforhold. Dette var nybrottsarbeid, og den 89 sider lange rapporten var ny lesning for mange.

Bly

Tromsø kommune, som sliter økonomisk og er på Robek-lista, har prøvd å vri seg unna, men Statsforvalteren har bestemt. Kommunen som grunneier er pålagt å rydde opp i blyforurenset grunn på den nå nedlagte skytebanen i Tromsdalen. Skytebanen ble stengt for et år siden, og planen for opprydding må være klar før 15. desember i år. Siden 1950-årene har skytebanen vært i aktiv bruk, og man antar at mange tonn bly nå ligger lagret i sedimentene. Problemet er at små bekker nå bringer forurenset vann med seg. Bly, som er et helseskadelig tungmetall, blir målt i et stort område, også rundt skytebanen. Kommunen ønsket først at Forsvaret skulle ta ansvaret, ettersom de benyttet banen for lenge siden.

Taletid

Stavanger Aftenblad har telt opp kor mange gongar representantane i bystyret i Stavanger har vore på talarstolen i år og har avdekka store forskjellar mellom politikarane. Kort oppsummert viser oppteljinga: I gjennomsnitt er 38 av 67 bystyremedlemmar på talarstolen i kvart møte, tre politikarar frå Raudt, MDG og Venstre har halde flest innlegg, mens elleve politikarar ikkje har halde innlegg i år. Statsvitar Svein Tuastad ved Universitetet i Stavanger tar til orde for å slanka bystyret. Bystyret i Stavanger er stort samanlikna med mange andre kommunar. Men er taletid eit godt mål for korleis bystyret bør dimensjonerast? Bystyresalen vitnar om representasjon. Om Ap i Stavanger helst sender den karismatiske gruppeleiaren på talarstolen, mens fem andre Ap-politikarar har blitt sittande i ro, så er vel ikkje det nødvendigvis eit problem? Det kan vel tenkast at dei fem «tause» politikarane har andre kvalitetar som ei bystyregruppe også bør ha? Forhåpentlegvis gir dei stille politikarane innspela sine i andre kanalar og fora. Å vera bystyrerepresentant handlar om meir enn å gi frå seg innlegg og replikkar i bystyresalen ein gang i månaden. Stavanger er nyleg slått saman med Finnøy og Rennesøy.