Aleksander Åsnes
Ludditt
Når nye teknologiar vert introdusert, vert dei som er skeptiske, ofte skildra som ludittar – ein referanse til ei engelsk gruppering som protesterte på mange av verknadane av den industrielle revolusjonen.
Det er meint nedsetjande, og avsendaren tenkjer at luddittane var nokre håplause skikkelsar som forgjeves kjempa mot ei utvikling som uansett måtte kome. Det er for enkelt.
Menneska som levde i det tidlege britiske industrisamfunnet på byrjinga av 1800-talet, levde verre liv enn menneska i generasjonane før dei. I 1845 gav den tyske filosofen Friedrich Engels ut boka «The conditions of the working class in England». Han var sjølv eigar av tekstilfabrikkar i både England og Tyskland, og det var på ein av Engels-fabrikkane i Manchester han skildra livet til arbeidarane. Karl Marx vart sterkt påverka av boka, og dei to kom i kontakt. Det første møtet skal ha vore ein samtale som varte i ti dagar.
Dei to vart bestevener, og Engels enda opp med å bruke overskot frå fabrikkane på å sikre at Marx kunne sitje å lese og skrive resten av livet.