Robotiseringa av industrien er blitt omtalt som ein ny industriell revolusjon. Mange bedrifter har erstatta oppgåver som tidlegare var manuelle med robotar, som gjer dei både meir effektivt og meir nøyaktig enn menneske. Automatisering og bruk av robotar er viktig for at høgkostland som Noreg kan halda på ein del industri, som det har vore freistande å flytta til lågkostland.