Den hyperproduktive Rainer Werner Fassbinder laga 41 filmar før han døydde i 1982, utbrend av liv og arbeid 37 år gammal. Med melodramaet som utgangspunkt for å granska gjennomgangstema som einsemd og lengsel var fleire av filmane hans grensesprengande både i val av hovudroller, handling og estetikk. «Petra von Kants bitre tårer» (1972) er ein klassikar med mange av Fassbinders kjenneteikn.
François Ozon plasserer og portretterer R.W. Fassbinder i eit av hans eigne hovudverk.