Ayne Kifle
Sirkus
Akk og ve … Godt vi ikkje har det sånn i Noreg, seier ei dame på morgontoget. Sannsynlegvis den vanlegaste reaksjonen på det amerikanske valresultatet, som diverre sette i gang eit dundrande hovudverk i gang hos meg.
Den norske tilnærminga til amerikansk politikk har tatt form som ein velmeinande og dysfunksjonell kjernefamilie i skallen min.
Somme forheld seg til amerikansk politikk slik ei diplomatisk storesyster når veslesysken kranglar: Kven slo først, kven fekk mest vondt, kven har eigentleg skylda?
Andre har gått for ein curlingforelder-stil når dei skal handsame det amerikanske infernoet: Forstå, forstå. Forklar, forklar. Empatisér.
Kan vi ikkje heller vere ei streng tante? Seie det som det er? Viss du ikkje knyt skoa dine, men berre set ut i full galopp, trynar du og får skrubbsår. Og vel du ein rasistisk demagog utan respekt for demokratiet til statsleiar, kjem vi ikkje til å trøyste deg når knea dine svir.
Eller kanskje vi skal gå for tilnærminga til ei nihilistisk emokusine?
Ho tenkjer at valresultatet viser at USA er eit så forskrudd land at dei drit både i kvarandre og resten av verda, særleg der det bur brune folk og muslimar. No kan Netanyahu halde fram å teppebombe så mykje han vil.