Ei ny gjendikting frå antikken er eit fint høve til å forstå den mytiske, misoppfatta Helena betre.

Den kloke Helena

Den greske dramatikaren Evripedes (480-406 fvt) er særleg kjend for tragedien om Medeia, ho som drap barna sine for å straffa far deira fordi han sveik henne etter at ho hadde ofra alt for han. Skodespelet «Helena» er det derimot ikkje så mange som har høyrt om, sjølv om det høyrer til allmennkunnskapen at den skjønne Helena var årsaka til Trojakrigen. No har det for første gong kome ut på norsk, i Kanon-serien på Gyldendal, friskt og fint omsett av den teaterkunnige doktor i klassiske fag Robert Emil Berge.

Bokmagasinet