Eg har ein del bøker. Dei har samla seg opp. Ein stovevegg med skjønnlitteratur, ein kosekrok med teikneseriar, eit par hyller med faglitteratur og eit par øskjer med ting eg aldri kjem til å lese om att. Eg tok med øskjene til den lokale brukthandlaren.
På bortsida torget, i det trongaste, mørkaste smauet, sto koranbrennaren og venene hans.