Det blir kamp om havvind på landsmøtet til Raudt. Energipolitisk talsperson Sofie Marhaug er framleis på nei-sida.

Står støtt mot havvind

NEGATIV: Stortingsrepresentant Sofie Marhaug er energipolitisk talsperson i Raudt. Ho er negativ til havvindsatsinga som dei andre partia legg opp til. Foto: Fartein Rudjord

Raudt er det einaste partiet på Stortinget som blankt avviser alle formar for havvind. Leiaren i Raud Ungdom, Alberte Bekkhus, tok i Klassekampen førre veke til orde for å endre på den politikken når landsmøtet kjem i april, og det same har eit fleirtal i resolusjonskomiteen i partiet gjort.

Politikk