Raudt har vore i opprør og SV førebur seg til landsmøte. Der skal SV ta stilling til saka som partiet blei grunnlagt på: Norsk medlemskap i Nato. Saka har allereie vore førebudd i eit splitta utval. Som i Raudt skaper saka stort engasjement hos både medlemmar og ikkje-medlemmar. Samstundes er Leopardane på veg for å gjere krigen i Ukraina endå varmare. Det skulle vel berre mangle om ikkje ei så viktig blei handsama grundig i partiorganisasjonen.
Det er eit historisk paradoks at Noreg reiv seg laus frå Sverige for å kunne føre ein fri og uavhengig utanrikspolitikk.